Meteorologane melder sol frå skyfri himmel laurdag, og nesten like bra vêr søndag. Dermed er det mange som nyttar høve til å ta turen til fjells, og ein må rekna med å bruka litt tid.

Vegtrafikksentralen hadde rundt 16.30 ikkje fått melding om noko som spesielt på E16 som skulle tilseia ekstra lange køar.

I kartet over kan du sjå at det går svært sakte på Arnavegen, før det løyser seg opp etter Arnanipatunnelen.