Mannskap frå Utrykningspolitiet stilte seg opp i 23-tida på Arnavegen for å sjekka farten på køyretya. Etter nesten halvannen time blei fangsten eit førarkort.

Ein bilførar suste forbi kontrollen i 97 km/t. Det er i utgangspunktet ikkje nok til å mista førarkortet. Men, vedkomande hadde prikker på førarkortet frå før, og med prikkane han fekk torsdag kveld, blir vedkomande utan førarkort i ein periode framover.