Kurt Nilsen eig selskapet Lord Records som i 2017 gav omsetning på 12,8 millionar kroner og eit overskot på 10,6 millionar kroner. Inntektene gjekk ned til 10,3 millionar kroner i 2018, melder Dagens Næringsliv.

– Kurt Nilsen er ein av Noregs mest populære artistar og fangar publikum på ein unik måte. I kraft av det blir det ein sunn og god økonomi, seier manageren Jan Fredrik Karlsen til DN.

Nilsen slo gjennom då han vann «Idol» i 2003, men dei siste åra har julekonsertane vore den viktigaste inntektskjelda for artisten.

I fjor hadde han det niande året sitt med julekonsertar på rad.

– 2018 var eit roleg år for Kurt Nilsen. Det var julekonsertane som stod for mesteparten av inntektene, seier Karlsen.

Sidan 2013 har Lord Records hatt eit driftsresultat på 34,6 millionar kroner.

Artisten budde tidlegare i Arna, men selde heimen i 2014 for 3,2 millionar kroner.