Mostafa Dakdoka og Tarjei Solberg speler Playstation. Foto: Anders Totland
Sebastian Stordal Forland Foto: Anders Totland
Martin Tysse gjer seg klar til duell. Foto: Anders Totland
Biljardbordet er alltid populært på Kjellarn. Foto: Anders Totland
Pokergjengen fann tonen tysdag kveld då Bygdanytt stakk hovudet innom. Foto: Anders Totland
Vanlegvis er Kjellarn ein pub. Tysdag ettermiddag hadde staden blitt til ein ungdomsklubb. – Me er kjempeglade for å kome her, seier ein av deltakarane. Foto: Anders Totland
Martin Tysse viste Bygdanytt korleis det skal gjerast. Foto: Anders Totland
Arrangøren kunne informere oss om at 19 ungdommar hadde tatt turen tysdag kveld. Foto: Anders Totland

– Det er ein stor gjeng som heng rundt på Valestrand. Me vil møtast og finna på noko, men det er ingenting å gjera og ingen plass å vera. Folk kjedar seg og då skjer det teite ting som hærverk, bråk og sladding, seier Mostafa Mj Dakduka (16) og Sander Øksnes (14).

  • Trykk på hovudbildet for å sjå fleire bilder frå ungdomsklubben på Valestrand.

– Dårleg rykte

Dei synest det er synd at gjengen som samlast på Valestrand har fått eit dårleg rykte.

– «Osterøypøbel». Det er det folk kallar oss. Du kan forstå det når det skjer mykje drit, men det er mykje bra folk her også. Det treng ikkje vera slik, seier dei to.

Christian Worren (17) er einig.

Alle tre møtte då Silje Worren, som driv Kjellarn, inviterte bygda til idemøte om ein ungdomsklubb.

Silje Worren hos Kjellarn inviterte til idemøte mandag kveld. Tysdag hadde ho opent for ungdommane.

Frys og kjedar seg

Silje Worren ser korleis ungdomsgjengen kjedar seg. Dei går inn og ut av puben for å varma seg.

Det er ikkje god butikk å ha masse ungdomar hengande rundt, men i staden for å jaga dei vil ho koma dei i møte.

No tilby ho dei å få bruka lokalet gratis kvar tysdag, fordi det er ein dag puben heldt stengt.

Dette i bytte mot at dei ikkje heng her når puben er open.

Worren meiner at Osterøy treng ein ungdomsklubb. Ein trygg og rusfri arena der ungdom kan møtast og ha det kjekt. Fotball og korps passar ikkje for alle, og dei som ikkje driv med dette treng eit tilbod.

– Når ikkje kommunen vil ta grep, så gjer eg det. Dette er i alle fall ein start, seier ho.

Ungdomane får tysdagskvelden

Ungdom i aldersgruppa 13 og 18 år skal få bruka lokalet kvar tysdag frå og med no, og Silje og andre frivillige vaksne vil vera der saman med dei. Då kan ungdommane ta med seg Playstation, brettspel og filmar dei vil sjå, og spleisa på pizza og godteri som vert kjøpt inn på fellesen.

Tilbodet skal ikkje ha noko med pub- og restaurantdrifta å gjera, men fungera som ein klubb av og for ungdom.

– Eit kjempetilbod, synest dei som kom på idemøtet.

FOR LITE: Tenestestadleiar i politiet, Ole Kristoffer Tveiten rosar det private initativet, men seier det er behov for meir. Han ber både kommunen og foreldre i nærmiljøet om å gjera ein innsats. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Ros frå politiet

Politiet rosar initiativet.

– Det er fantastisk at Silje gjer dette. Det er ein god start, men det er dessverre altfor lite. Visst det skal monna, må ungdomane også ha eit tilbod dei andre dagane i veka, og spesielt i helgene, seier tenestestadsleiar på Osterøy, Ole Kristoffer Tveiten.

Kommunen må på bana

Tveiten har ein god tone med ungdommane, og opplever at dei er både høflege og kjekke å vera saman med.

– Men ungdom er ungdom. Dei treng at det skjer noko. Skjer det ingenting, så lagar dei action sjølv på den eine eller andre måten, seier han.

Tveiten meiner at den beste måten å få redusert hærverk og uvettig kjøring i nærområdet, er å gje ungdomane gode og lovlege alternativ.

– Meland kommune, som er jamnstor med Osterøy har starta kommunal ungdomsklubb. Og kommunane Austrheim og Radøy, som er vesentleg mindre enn Osterøy har eigne ungdomskoordinatorar som driv eit kjempegodt tilbod saman med ungdomane sjølve. Osterøy bør få til noko liknande, seier Tveiten som håpar kommunen og politikarane tar utfordringa.