Spelarane på J11-laget til Ina Dorthea W. Olsen er frå Valestrand og Lonevåg. No håper ho at jenter frå heile Osterøy finn vegen til Osterøyhallen.

For laget treng fleire hender.

– Dette er ei flott gruppe med jenter som ønskjer seg fleire lagvenninner. Det er godt samhald blant jentene, og dei synest at fleire skal få teste ut handball. Me har det moro på treningane, samstundes som me øver på nye ting, fortel Olsen.

– Kva er det beste med denne gruppa?

– Det som kjenneteiknar denne gruppa er at jentene er alltid i godt humør. Dei smiler og ler sjølv når dei har tapt ein kamp, og gjer aldri opp. Gleda er stor når me kjenne nettsus! Det er ein positiv og blid gjeng.

Laget trener måndagar kl. 18.30-19.30 (17.30-18.30 etter haustferien) og onsdager 16.00-17.30.

– Ein treng ikkje erfaring for å være med oss, her er det åpent for alle, smiler trenaren.