NRK har den siste tida hatt kåring av Noregs verste veg. No er det avgjort: E16 Bergen-Voss gjekk rett til topps. Eit klart signal, meiner Laila Himle.

– Eit større signal til politikarane om å ta det på alvor er det ikkje mogleg å få. Og me forventar og forlangar at politikarane tek dette på alvor, at dei gjer sitt yttarste for å forsere E16. Det er faktisk mogleg å ta E16 ut av NTP og ta det som eit nasjonalt kriseprosjekt, meiner Himle.

Noregs verste veg

Ho er ikkje i tvil om at E16 Bergen-Voss fortener å bli kåra til Noregs verste veg.

– Det er den desidert farlegaste vegen når ein tenker på den overhengande faren og mengda køyrande. Det er ikkje tvil om at det er Noregs verste veg, seier ho.

Det har vore ei overveldande støtte frå folket i saka. Mange stemmer kom inn, og støtta var stor.

– Me må takke alle som har stemt, og ikkje minst juryen som støtter oss. Og NRK som har tatt på seg eit slikt engasjement, seier ho.

Dei andre partia har sett E16 fremst. KrF har ikkje svart, medan Høgre og Frp vil ha både Hordfast og E16. - Det er heilt på trynet at du ikkje tar det valet når di eiga regjering ber deg om å gjere det. Det tykkjer eg er uforståande og skuffande, seier Laila Himle i aksjonsgruppa. Foto: Privat

Stortingsvalet

Det er om lag eit år sidan aksjonen i Arna, der kravet var fortgang i K5 - ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle. No er vi kome til våren 2018. Framleis er det fleire år til ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle kjem.

– K5 er framleis i andre halvdel av NTP. Er du uroa?

– Faren ligg i at det er eit stortingsval før 2022 og alt kan endra seg. Historisk veit me at ting som ligg i andre del kan forsvinne ut av NTP, seier ho.

Redd for løftebrot er ho derimot ikkje.

– Eg veit ikkje om dei tør det ein gong til. Då blir eg imponert.

Les meir om K5:

Frykta for rasa

Himle meiner det framleis er viktig å kjempe - viktig å utfordre og bli lagt merke til. Ho er overtydd om at dei som går fram og viser seg, blir lagt merke til og får mest.

– E16 er veldig spesiell. Årsaka til me får så stor og brei støtte, er at det er alvor - på liv og død. Det er ikkje ein holete veg, og du dør ikkje av å måtte stå i kø. Men på E16 er det den overhengande faren så ekstrem, i tillegg til mengda køyrande.

Ho har køyrt E16 tallause gonger. Frykta er rasa. Rasa som kjem utan varsel, steinar som dundrar ned i asfalten og jordskred som renn ned fjellsida.

– Berre tenk på alle som køyrer der kvar dag. Ungar som blir sendt til skule og barnehage. Folk som skal på jobb, yrkessjåførar som er avhengig av vegen for å frakte gods. Det er heilt «insane» å måtte køyre på denne vegen kvar dag, seier ho og legg til:

– Den ekstreme rasfaren blir berre verre og verre. Akkurat no er det rolegare, som tilseier at ein er endå nærare det store raset. Og kva skjer då? For det er berre eit spørsmål om når. Vil me då ha englane med oss, også den gongen?

Aksjonsgruppa gir seg ikkje - ikkje før det kjem ny veg og bane. Tilbakemeldingane er mange - og berre positive, fortel Himle. Også engasjementet frå innbyggjarane langs E16 er stort.

– Eg er heilt imponert, seier ho og legg til at det er folket som er drivkrafta deira.