I dag, torsdag, stenger Osterøy kommune av vatnet på Raknes, og private leidningar som går ut Raknesvågen.

Kommunen opplyser på nettsida si at vatnet vil vera stengt mellom klokka 09.00 og 15.00.

Kommunen oppfordrar dei som er tilkopla kommunalt vatn i områda til å stenga hovudkranen til huset.

Dette er grunna pluggkøyring av vassrøyr. Etter arbeidet kan vatnet bli noko misfarga. Kommunen ber folk om å la vatnet renne til det kjem ein normal farge.