Tidlegare på dagen tysdag blei ein sølvfarga taxi stole og funnen att ved jernbanestasjonen på Haukeland i Arna.

I bilen, ein Mercedes Benz, var det store mengder tjuvgods, får Bygdanytt opplyst ved Arna og Åsane politistasjon.

– Politiet har sikra bilen og starta etterforsking. Dersom nokon har sett ein eller fleire personar forlata denne bilen ein eller annan gong i løpet av tysdagen, ønskjer vi kontakt med dei, seier politiførstebetjent Vidar Almberg til Bygdanytt.

Almberg har ikkje opplysningar om kva type tjuvgods som blei funnen i bilen.