Osterøy kommune får ikkje pengar frå staten til sikring mot steinsprang og steinras på Votlo.
Det melder BT som først omtalte saka.
Ei 38 år gammal kvinne mista livet i jordskredet på Votlo 7. desember 2017. Etter jordskredet vart det sett i gang ei kartlegging av faresoner i bustadområdet.
Det vart dokumentert fare for nye jordskred i området, og ein geolograpport slår fast at åtte bustader ligg heilt eller delvis innanfor sona for steinsprangfare på Votlo.
Truleg fleire årsaker til Votlo-skredet
For store kostnader
For å verna desse bustadene søkte Osterøy kommune om tilskot til sikringstiltak med fangnett, som er stipulert til å kosta i overkant av 6,6 millionar kroner.
Krever full etterforskning av Votlo-skredet
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner kostnadene med tiltaket er for store i tilhøve til samfunnsnytten, målt i talet på bustader og plassering i faresona, melder BT.
NVE har no informert kommunen om at dei får avslag på søknaden.
Ett år siden Votlo-tragedien: – Savnet er stort
Etterforskar skredet
Riksadvokaten beordra i fjor ei politietterforskning etter jordskredet på Votlo.
Etterforskninga skal avklara om kommunen har gjort noko straffbart i saka.
Som Bygdanytt tidlegare har omtalt vedtok heradsstyret på Osterøy å bruka 650.000 kroner på å drenera og planta i skråninga der skredet gjekk. NVE har vedtatt å dekka 80 prosent av kostnaden.
Ifølgje BT vil det ikkje skje noko med dette før politietterforskningen av skredet er ferdig.