Det var fredag like før klokka 10 politiet blei varsla om at det hadde gått eit jordras på Romslovegen. Raset var om lag 10 meter breidt og sperra vegen. Kommunen anslo at raset kom frå om lag 150 meter over vegen. Ingen personar kom til skade då raset gjekk.

Både trær, jordmassar og stein hamna i vegbana, og kommunen varsla at vegen ikkje ville opna att før i løpet av helga. På begge sider av vegen blei det sett opp sperringar for å unngå at bilistar skulle køyra til rasstaden.

Rasfareleg

Det er relativt lite trafikk på gamlevegen mellom Takvam og Romslo, men få meter nedenfor går den sterkt trafikkerte E16. For å unngå at ras skal hamna på E16 er det sett opp ein 90 cm høg mellom rastaden og hovudvegen.

Det er ikkje første gong det går ras på Romlsovegen. Dei siste fire åra har det gått fire-fem ras i dette området, og for eit par år sidan blei det investert store summar i murkantar langs Romslovegen.