Mannen i slutten av 30-åra frå Bergen sør kom køyrande på Arnavegen ei natt i mai i år. Han trudde neppe at politiet var på jakt etter fartssyndarar klokka 4 om natta, men der bomma han.

Han blei stoppa i ei gjennomsnittmåling i 113 km/t i 70-sona, og i Bergen tingrett la han alle korta på bordet.

Avhengig av bil

Påtalemakta føreslo at straffa blei sett til ei bot på 12.000 kroner og tap av føraretten for på sju månader, med vilkår om delvis ny førarprøve for å få førarkortet tilbake. Dette forslaget til bot er i tråd med Vest politidistrikt sitt interne påtaledirektiv og Riksadvokaten sitt rundskriv. Retten hadde ikkje noko å utsetja på dette.

Ut frå fartsoverskridinga skal tapstida ligga mellom seks og åtte månadar. Retten meinte forslaget om sju månader i utgangspunktet var passande.

Mannen ønskte i retten at tapstida blei redusert fordi han er avhengig av førarkort i samband med ulike jobbar og frivillige verv.

HØG FART: Mannen blei tatt i ei gjennomsnittsmåling på Arnavegen ei natt i mai. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix

Reduserte tapstida

Retten presiserte at både av omsyn til trafikktryggleiks- og likebehandlingsomsyn bør det reagerast med tap av føreretten for ei viss tid, og at ein treng førarkort i jobbsamanheng normalt ikkje er god nok grunn for å gå under under minstetida.

Men, retten fann likevel grunn til å legga seg på minstetida, som var ein månad kortare enn forslaget frå påtalemakta. Eit av argumenta for dette var at køyringa skjedde på eit tidspunkt med lite trafikk, og at det ikkje er påvist andre skjerpande omstende enn sjølve farta.

Dermed slepp mannen å ta delvis eller full ny førarprøve for å få førarkortet tilbake.