Kva vêr ein kan vente seg på julaftan er det nok mange som er nysgjerrige på.

Me har tatt ein prat med statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet for å få svaret.

– Førebels ser det ut som dagane før jul, altså frå fredag til måndag, blir tørre. Det blir frålandsvind, og rundt null gradar.

Ser ikkje vekk frå snø

– Ingen snø?

Ei lang nøling i telefonen, så kremtar Fagerlid.

– Vel, då må me ha litt flaks, for det er meldt ganske så tørt. På dagtid på julaftan er det ikkje meldt noko nedbør, men på kvelden kan ting skje. Så om ein er litt heldig, så vaknar me opp til ein kvit 1. juledag, fortel han.

Fjellfolket

– Mange reiser jo på fjellet. Korleis blir vêret for fjellgeitene?

– Mykje av den same vêrtypen. Tørt og fint - perfekte køyreforhold. Om plassen du skal til allereie har snø, vil den nok ikkje forsvinne.

Etter 2. juledag er prognosane meir usikre.

– Det blir milde dagar før nyttår med litt regn her og der, men ikkje mykje. Tørre og fine romjulsdagar, seier Fagerlid.

  • Knipsar du mykje i jula? Merk bileta dine med #Bygdanytt på Instagram. Du kan også sende dei på e-post til bn@bygdanytt.no.