I forliket om revidert nasjonalbudsjett fekk Krf det som dei ville. Eit forlik som blei presentert torsdag klokka 18.30.

Ein svært glad Krf-leiar Knut Arild Hareide håpar det kan bli eit einstemmig vedtak i Stortinget om at Ulvsnesøy skal inn i konseptvalutgreiinga (fagleg utgreiing for større offentlege prosjekt) for Kriminalomsorga region vest.

– Det er no klart at alle partia med unnatak av Raudt og MDG vil stilla seg bak vedtaket om at Ulvsnesøy ikkje skal leggast ned neste sommar. Men, vi satsar på at også Raudt og MDG stiller seg bak dette, seier Hareide.

Fengselsøya er inntil vidare redda. Foto: Siv K. Berg

– Altfor høg pris

– Men, korkje Høgre eller Frp har frå Stortinget sin talarstol vore særleg postiv til å utsetja nedlegginga for å få Ulvsnesøy med i kvu-en?

– Nei, og her må ikkje minst Peter Frølich (H) bli flinkare til å kvalitetssikra tala han får. At det skal kosta 100 millionar kroner å opprusta bygga på øya er tal eg ikkje kjøper i det heile, seier Hareide.

– Kvifor er det så viktig for Krf å få Ulvsnesøy inn i kvu-en?

– Fordi tilbodet på øya er så utruleg bra. Dei kan visa til svært gode resultat, og det er jo det fengselsdrifta handlar om. Dette er menneske som har kome litt skeivt ut i livet og får svært god hjelp til å få livet på rett kjøl.

Rosar mange

– Kven skal ha æra for at drifta på øya inntil vidare er redda?

– Eg må først nemna initiativet til ordførar Jarle Skeidsvoll. Han har gjort ein svært god jobb for redda drifta på øya. Men, også Ruth Grung (Ap), Audun Lysbakken (SV) og Kjersti Toppe (Sp) har gjort ein strålande jobb for å redda fengselsdrifta inntil vidare, seier Hareide.

– Og har du tru på at drifta på øya vil overleva også etter kvu-en?

– Ja, det har eg. No seier eg ikkje at vi skal driva fengsel på øya for einkvar pris, men eg har stor tru på at det vil vera fengseldrift på Ulvsnesøy i mange år. Kanskje husleiga vil gå noko opp, men det er det verdt. I dag er jo husleiga svært låg, seier Hareide.

Lukkeleg ordførar

Ordførar Jarle Skeidsvoll (Krf) er naturleg nok overlukkeleg over at fengselsdrifta på øya er redda inntil vidare?

– Eg strålar om kapp med vårsola på Vestlandet. Eg er strålande nøgd med at Stortinget no er samla om dette. Det har vore ein lang etappe. No gjeld det gjennom neste etappe å halda fokus og løfta fram det gode arbeidet som kvar dag blir gjort ved Ulvsnesøy, slik at framtida kan sikrast. Eit samla Storting er eit klart bevis for at lokalt engasjement og breitt samarbeid mellom ulike interessegrupper og politikarar fører fram, jublar Skeidsvoll.

– Må finna pengane

Peter Frølich stråler kanskje ikkje like mykje som Skeidsvoll, men han stiller seg bak forliket.

– Dette viser korleis ein styrer på ein seriøs måte, ved at ein finn pengane før ein gjer vedtak. Ingen pengar - ingen avtale. Dersom stiftinga vil ombestemma seg og forlenga avtalen, har vi no fått litt betre tid, seier Frølich.

– Så ingen garanti for vidare drift?

– Nei, dette er ingen garanti for vidare drift, og det er viktig at folk får høyra realitetane i saka. Det er framleis trong for så mykje som 100 millionar kroner i oppussing. Det er også for mange fengselsplassar med lågare tryggleik i Noreg, legg Frølich til.

– Hareide stiller spørsmål ved summen på 100 millionar kroner. Er du sikker på dette talet?

– Dette er estimat frå Statsbygg, ein høgst profesjonell aktør. La oss tenka oss at prisen blir halvparten av dette. Også då vil dette framleis vera eit av dei dyraste fengsla i landet å driva. Dette seier ikkje for å vera ond, men fordi eg meiner innsette, tilsette og veljarar fortener å høyra realitetane. Det er for mange politikarar som berre seier det folk vil høyra. Folk fortener klar tale, slår Frølich fast.

– Glad for å bli høyrt

Varaordførar på Osterøy, Alf Terje Mortensen (Frp) var sjølv i Oslo og hadde tett kontakt med partiet sine folk på Stortinget. Han jublar også over forliket.

– Dette er ei sak eg har jobba med i kulissane lenge. Eg har hatt tett kontakt med stortingsrepresentantane våre, og eg er svært glad for at Frp lokalt er blitt høyrt i saka. Dette tyder mykje både for Vaksdal, Osterøy og Bergen. Og ikkje minst for soningstilbodet, som er unikt, seier Mortensen.

– Men, jobben er ikkje over no. Det er vel no jobben eigentleg byrjar?

– Ja. Vi har tatt eit utruleg viktig steg i rett retning, men det er altså berre ei mellombels løysing. Vi må halda fram med å masa på stortingsfolka våre, for eg er overtydd om at tilbodet på Ulvsnesøy har livets rett. Tilbodet der ute er utruleg bra, seier Mortensen.

Kvalitetssikra summen

– Du kjøper heller ikkje summen på 100 millionar kroner for å pussa opp bygga?

– Nei, og denne summen må kvalitetssikrast. Då trur eg vi får ein sum som er langt lågare. Dette må vi bruka litt tid på i samband med kvu-en, seier Mortensen.

Også stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) er glad for forliket.

– Det er svært gledeleg at det er blitt semje i denne saka. I april var eg invitert til øya av tilsette og innsatte. Også Marte Monstad fra bystyret i Bergen og Mortensen var med, og vi blei imponerte over det avdelinga på Osterøy får til, seier Hjemdal.