I 14-tida torsdag blei vegen opna for manuell dirigering (ved hjelp av ledebil) i eitt felt, opplyser Vegtrafikksentralen. Ifølge NRK kan det likevel ta fleire dagar før vegen blir opna for ordinær trafikk.

I løpet av natt til torsdag har det komme svært mykje nedbør i Hordaland.

E16 stengt

Ei rekke vegar i fylket har eller er blitt stengde. Blant dei var E16 ved Bolstad i Voss kommune, som vart meldt stengt av Vegtrafikksentralen klokka 01.44.

Klokka 06.12 kom dei med ei oppdatering:

– På E16 ved Bolstad er vegen stengt på grunn av ras og blir truleg stengt i fleire timar.

– Slik det er no, er det ingen fare for liv eller noko slikt, men det er litt vanskeleg å ta seg frå Bergen til Voss sidan fleire vegar er stengde. Politiet har beredskap på begge sider, men det rammar jo andre, sa operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt i natt.

Ei mogleg omkøyring var fylkesveg 7 om Hardanger. Der var vegen ved Folkedal i Granvin også stengt ei stund på grunn av rasfare. Klokka 7 opna den for kolonnekøyring på strekninga mellom Granvin og Fyksesund i Kvam.

Også fylkesveg 314 i Bergsdalen/Hamlagrø vart stengt på grunn av ras. Der skal ein geologteknikar og geolog inn for å vurdere rasområdet.

Oransje farenivå

I forkant heva Norges vassdrags- og energidirektorat farevarselet for jord- og flaumskred til oransje og dei kraftige regnbygene laga fare for overvatn og vassplaning i vegbana.

Dette bildet viser kor mange lyn som har vore i og ved vestlandskysten dei siste døgeret. Foto: Lightningsmaps.org

Statens vegvesen gjekk ut og oppmoda folk til å la bilen stå i løpet av kvelden.

Mykje nedbør

På førehand snakka Bygdanytt med Ingrid Bentsen ved Meteorologisk institutt. Ho åtvara om mykje nedbør.

– Det viktigaste er at folk bur seg på dette. Det vil seie å sjå til at vassvegane er opne, halde sluk og liknande reine og opne, informerer Bentsen.

Sjølv om det verste regnet no har gitt seg, er det venta ein god del nedbør også dei kommande dagane.