Oppdatering: Torsdag klokka 19:13 melder Bane Nor at strekninga er open igjen.

Tysdag ettermiddag blei strekninga Arna-Dale stengt for togtrafikk.

– Det var eit tog som reiv med seg delar av ein køyreleidning, som skal forsyna toget med straum, sa medievakt i Bane Nor, Randi Folke-Olsen til Bygdanytt tysdag.

Kan ta lengre tid

Då forventa dei at strekninga tidlegast ville bli opna onsdag morgon, men det viser det seg at dei ikkje får til.

– Strekninga blir nok stengt ut dagen i dag. Det er såpass omfattande arbeid at det tek ganske lang tid å få utbetra det, fortel Folke-Olsen onsdag morgon.

Onsdag klokka 15.50 melder Bane Nor at den foreløpige prognosa er at Arna-Dale vil bli opna for trafikk torsdag klokka 12.

– Det er ganske store skadar på køyreleidningen, og det tek lang tid å ordna det. Dei er i gong allereie, men det er omfattande arbeid, sa Folke-Olsen tysdag.

«Du må regne med forsinkelser og innstillinger. Det er dessverre få tilgjengelige busser/taxier i øyeblikket. Vi ber passasjerer om å vurdere andre transportmidler.», heiter det på NSB si nettside.

Skjermane i Arna viste at fleire tog til Bergen var kansellert onsdag ettermiddag, men dette gjeld berre regiontoga som skulle ha kome frå Dale.

– Når store avvik oppstår blir det ei utfordring med innstillingane, men eg kan forsikra om at lokaltoga til Bergen vil gå som normalt frå Arna, men ikkje regiontoga, seier Gina Scholz, medievakt i NSB.

Tog blei ståande på Trengereid

Tysdag i 12.30-tida meldte NSB at eit tog sto mellom Trengereid og Vaksdal. Årsaka var straumbrot etter skadar på køyreleidning.

– Det er problem med straumforsyningar som gjer at vi ikkje får køyrt tog som vi skal. Vi må koma på plass og få utbetra dette, sa Scholz.

Toget stod i nærleiken av Trengereid og det var ifølgje Scholz rundt 50 menneske ombord, som venta på å få koma over i ein buss.

– Dramatisk

Lars Eirik Kolbeinsen, som var på veg frå Bergen til Dale da uhellet skjedde, fortel til BT at det var ei dramatisk oppleving.

– Det small og gneistra voldsomt. Folk slengte seg på golvet. Eg la meg over barna mine, da eg trudde det skulle kome gjennom taket, seier Kolbeinsen.

Foto: Anders Totland