På grunn av langvarig tørke innfører Osterøy kommune no vatningsforbod og vatnsparing på Bruvik.

– Det betyr at folk ikkje skal vatna plenen med spreder, men at dei heller vatnar plantene med vasskanne. Det skal ikkje vera sløsing med vatnet, seier driftsoperatør i Osterøy kommune, Torbjørn Mjelde.

Vatningsforbodet gjeld alle abonnentar som er knytt til Bruvik vassverk. Dette gjeld òg vatnspreiarar og fylling av badebasseng.

– Lite å gå på

Det er òg vatnsparing og forbod på Hamre og på Gjerstad, som har hatt det over ein lengre periode.

Mjelde fryktar at kommunen må innføra forbod fleire stadar på Osterøy i neste veke.

– I bekken ved det gamle bedehuset på Bruvik, der vi tek ut vatn, er det no så lite å gå på, at vi ikkje klarer å produsera det vi skal. Det er ingen gode utsikter i neste veke heller, det ser dårleg ut. På sikt må vi innføra forbod fleire stadar og byrja å køyra vatn, men vi håpar på regn, seier Mjelde.

Abonnentane på Bruvik vart informert fredag og forbodet gjeld fram til ny melding vert sendt ut av kommunen.