I ein nekrolog skriv kollegaene til Lekven, Ketil Grong, Rolf Reed, Per Omvik, Per Bakke ved det Det medisinske fakultetet at dei har mottatt den triste bodskapen om at Lekven gjekk bort etter lengre tids sjukdom.

Lekven var dosent i eksperimentell kirurgi ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 1978 og professor frå 1984 til han gjekk av for aldersgrensa i 2011.

Lekven hadde sin doktorgrad frå Universitetet i Oslo i 1975 og eit forskningsopphald i USA. Dei fire kollegaene skriv at han hadde viktige og byggande oppgåver for Universitetet i Bergen både innan eksperimentell kirurgi, særlig innan hjarteforskning, og med oppåver som omfatta etablering av Vivarium og Felles forskningssenter ved Det medisinske fakultet.

Fekk fleire prisar

«Lekven påtok seg mange verv og oppgaver ut over dette, også nasjonalt. Han var dekan i perioden 1993-9 og prodekan før dette. En sentral oppgave i denne tiden var utbygging av den kliniske legeutdanningen ved sykehus på hele Vestlandet. Han ledet Regional etisk komite gjennom flere år og var styremedlem i det første styret i Helse Vest etter helseforetaksreformen. Han deltok mange nasjonale utvalg og blant disse var komiteer og programstyrer i, Nasjonalforeningen, Norges forskningsråd og Helsetilsynets fagråd for høyspesialisert medisin», skriv dei fire kollegaene.

Dei legg til at visjonar innan institusjonsbygging og samarbeid mellom institusjonar var sentrale tema for Leikven, og det er dette som først og fremst står igjen etter tida ved Universitetet i Bergen. Han mottok Ole Storsteins Pris for Kardiologisk Forskning frå Universitetet i Oslo, Søren Falch og øienlæge Sigurd Falchs pris for fremragende lederskap i medisinsk forskning frå Universitetet i Bergen.

Lekven fekk også Orkidèprisen frå Den norske legeforening. Denne prisen er den framste anerkjenninga som blir gitt personar som har skapt forskningsmiljø og ivaretatt legeforskarane sine kår i Noreg. Lekven blei i 2011 Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden.

«Lekven var en dyktig og inspirerende mentor. Vi er mange som har gode minner fra samarbeidet med ham. Vi lyser fred over hans minne», skriv Ketil Grong, Rolf Reed, Per Omvik og Per Bakke.

– Ein heidersmann

Ketil Grong fortel om ein svært godt likt forskar, sjef og kollega.

– Jon var ein svært omgjengeleg og hyggeleg kollega og sjef som var svært godt likt. I forskarmiljøa er det ofte slik at det er mange sterke personlegheiter som gjerne vil ha vilja si og kjempar for sitt eige fagområde. Som leiar var Jon ryddig og til å stola på. Han var meir opptatt av å bygga bruer mellom forskarmiljø og yta ei hjelpande hand til dei som ønskte det, seier Grong.

Kollegaen gjennom fleire tiår fortel om ein ikkje som framstod som ambisiøs berre på egne vegne, men også hadde evnen til å gleda seg over andre sin suksess like mykje som eigen suksess.

– Slikt er sjeldan kost i dag. Jon var utruleg flink til å legga til rette at andre skulle oppnå gode resultat. Han hjelpte dei vidare og trekte seg stille og roleg tilbake når han såg at prosessen var på skinner. Men, han stod alltid klar til å hjelpa dersom det blei behov for det, seier Grong.

– Ein ekte heidersmann, med andre ord?

– Ja, heidersmann er eit godt og dekkande ord. Han blei jo Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden, og i min tale til han denne dagen avslutta eg nettopp med at han alltid har vist ridderlegheit i jobben sin. Denne heideren fortente han verkeleg, seier Grong.

Botswana-samarbeid

Lekven engasjerte seg ikkje berre for norske legestudentar. Han var sterkt delaktig i samarbeidsprosjektet med styresmaktene i Botswana. Botswana sendte legestudentar til Noreg for å bli utdanna her, før dei reiste tilbake til heimlandet for å hjelpa til med å bygga opp helsevesenet her. Også etter at han gjekk av med pensjon var han involvert i dette prosjektet.

– Med Jon kjem ein heller ikkje utanom kvaliteten på nokre av dei forskingsprosjekta han deltok i. Han har namnet sitt i 91 internasjonale publikasjonar. Men, endå meir respekt står det av kor mykje av det han har bidrege til er blitt sitert. Ein publikasjon med Jon som ein av forfattarane og som blei publisert i 1978 er sitert om lag 300 gonger, siste gong i november i fjor. 40 år etter står nokre av forskingsresultata hans seg godt. Ikkje mange av oss kan visa til noko liknande, seier Grong.