– Ja, det kan godt hende at Arnavågen er eit alternativ for Hamnesjefen. Fuglar trivst i ferskvatn og brakkvatn-område når dei er i saltvatn. Med Storelva kan Arnavågen vere rett miljø, seier Ruben Mjelde Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Dei siste sju åra har Noregs kanskje mest kjende svane vore fast inventar i Os hamn. No heng livet til kjendis-svana i ein tynn tråd.

Dømt til døden

Nyleg gjekk svana til angrep på ei jente som var i Mobergsvikjo saman med barnehagen for å bade, skriv Midtsiden. Ifølgje avisa drog Hamnesjefen jenta under vatn. Etter fleire varslar til Os kommune, bestemte kommunen seg for at Hamnesjefen må bøte med livet.

KJEMPAR: - Det er knapt nokon som har sett fingeren på at det faktisk ikkje er snakk om anna enn ein fugl på 10-13 kg som passar på ungane sine, seier Ruben Mjelde Oddekalv. Foto: PRIVAT

Mjelde Oddekalv og Norges Miljøvernforbund jobbar no hardt for å berge livet til den kjende svana.

Å søkje asyl i Arnavågen kan potensielt redde livet til kjendisen frå Os, som er ein knoppsvanehann.

– Om forholda ligg til rette, så trur eg det kan vere ein eigna stad for svane-familien, seier han og legg til at dette er noko som må undersøkjast vidare.

Kort varsel

Ifølgje Midtsiden gjeld fellingsløyvet frå 23.juli. Det betyr at det hastar for miljøvernforbundet.

Saka har skapt store reaksjonar. Vil Hamnesjefen overleve? I så tilfelle, er den nøydd til å flytte?

Kan den risikere å måtte bli sunnmøring?

– Ja, vi er blitt kontakta av folk i Ålesund som vil ha den opp dit. Så det burde ikkje bli eit problem å finne ein stad for svanefamilien å bu. Det står meir på viljen, fortel Mjelde Oddekalv.

Han påpeikar at det hastar å kome fram til ei løysing som vil redde Hamnesjefen. Skal familien flytte, må det skje medan ungane framleis er små.

NY NABO?: Dersom Hamnesjefen og familien flytter til Arnavågen, vil dei bo i samme strøket som Svanhild. Foto: Snorre Bang Utaker

– Når dei først er blitt flygedyktige, så risikerer vi at dei flyr tilbake til Os. Med små born som ikkje kan fly, så har dei ikkje den moglegheita. Då er det ein sjanse for at dei finn roa og slår seg ned.

Mange som bryr seg

Med all merksemda saka har fått, håpar Mjelde Oddekalv at Hamnesjefen får leve vidare.

– Ja, eg har eit lite håp. Det er veldig mange som bryr seg, seier han og legg til:

– Saka til no har vore prega av dramatikk, men det er knapt nokon som har sett fingeren på at det faktisk ikkje er snakk om anna enn ein fugl på 10-13 kg som passar på ungane sine. Ikkje ein tiger som et menneske frå ein landsby i India.