Driftsproblem på Daltveit reinseanlegg har ført til at deler av ledningsnettet er blitt trykklaust. Vatnet kan og vere missfarga. Difor oppfordrar no Osterøy kommune innbyggjarane til å koka vatnet.

Daltveit vassverk er hovudvassverk på Osterøy og leverer vatn til abonnentar i Lonevåg, Valestrand, Hauge, Revheim og Småland.

– Eg har ikkje talet no, men husstandar på Hauge, Valestrand og litt av Lonevåg er i alle høve råka, seier Rune Rongved ved vatn- og avlaupsavdelinga i Osterøy kommune.

– No blir det teke vassprøver, som vi får resultat frå i morgon. Er dei gode, blir kokevarselet oppheva i tysdag, legg Rongved til.