Tysdag sendte Osterøy kommune ut kokevarsel til alle som bur nedanfor Kringastemma på Valestrand.

Kommunen opplyser fredag i 13-tida at kokevarselet er oppheva.

Nye vassprøver frå høgdebassenget og ute på leidningsnettet er normale, og viser ikkje spor av bakterier.

Kommunen fylgjer opp fyrstkomande måndag med nye prøver for videre kvalitetssikring av høgdebassenget.

Dette kartet viser området som var omfatta av kokevarselet. Foto: Osterøy kommune