Tysdag rasa det stein frå tunneltaket i Knappagjelstunnelen i Vaksdal, og E16 mot Voss er stengt på ubestemt tid.

Einaste omkøyringsveg er om Fv 7 i Hardanger, og timinga med årets første skikkelege snøvêr kunne knapt vore verre.

Foto: Webkamera Kvamskogen, Statens Vegvesen

Fire vogntog fast

Konsekvensane let heller ikkje vente på seg. I løpet av morgontimane onsdag har heile fire vogntog køyrt seg fast på Kvamskogen. Tre av dei stod fast i bakkane frå Samnanger og opp mot Fossen Bratte. Klokka 12.20 melder Vegtrafikksentralen at alle tre vogntoga er fjerna og at vegen er open for fri ferdsel.

Eitt dansk vogntog stod fast i Tokagjelet etter å ha køyrt i grøfta. Her er var det i fleire timar manuell dirigering. Først klokka 14.30 kom meldinga om at vogntoget var fjerna og vegen open igjen.