Det var tidleg på ettermiddagen laurdag at det starta å brenne på Reigstadfjellet ved Valestrand. Mange ringte brannvesenet for å varsle, sjølv ei god stund etter at sløkkearbeidet hadde starta.

Mandag morgon fortel Ronald Drotningsvikt, vaktkommandør i 110-sentralen, at brannvesenet har kontroll på brannen.

– Vi måler litt varme framleis, men ingenting har blussa opp att, seier han.

Lokalt brannmanskap skal i dag halde vakt ved staden.

Blussar opp

Søndag morgon fortel vaktkommandør Håkon Myking at dei fekk kontroll på brannen seint laurdags kveld. No er det berre åtte mannskapar frå sivilforsvaret og fire frå brannvesenet att i området.

– Det blussar opp litt innimellom frå bratthenget og ned mot sjøen. Forholda ser greie ut slik dei er no, sa Myking på søndag.

Etter at brannvesen, i lag med lokale bønder, starta innsatsen frå Reigstad i går, fekk dei etter kvart bistand frå helikopter og Sivilforsvaret.

Det var aldri fare for at brannen skulle spreia seg til busetnad.

REIGSTADFJELLET: Det er i dette området over Valestrand at det brenn laurdag. Foto: Fonnafly

Helikopter i sving

Sjølv om helikopter var til stor hjelp, var det innleiingsvis vanskeleg å få has på det tørre terrenget.

– Vi har helikopter som jobbar i området. Vi prøver også å felle nokre tre, så det ikkje skal spreie seg så veldig. Det er jo så tørt no at vatn har ikkje den ønskelege effekten, men vi pøser på, sa vaktkommandør ved 110-sentralen Håkon Myking ved 17-tida laurdag.

Helikopter er eit must i sløkkinga i det som er eit veldig bratt og ulendt terreng.

– Det er sagt at vi har kontroll på flankane, men vi kan ikkje seie at vi har noko kontroll på brannen.

Tidlegare på laurdagen var det sagt at det brant på eit område tilsvarande 100 x 40 meter, men det skal ha spreidd seg til større flater sidan då.

Vaktkommandøren anslo då at det vil bli jobba i skogen i mange timar utover laurdagen. Kor lenge var vanskeleg å seie, så lenge ein ikkje hadde fått kontroll.

Brannvesenet skal ha brukt drone for å skaffe seg oversikt over brannområdet.

BIDRAR: Bønder samarbeider med brannvesenet for å få sløkt brannen. Foto: Anders Totland

Ulendt

Det var klokka 13.08 110-sentralen i Hordaland sende ut melding om at mannskapar har rykka ut til Reigstadfjellet på Osterøy, kor det hadde begynt å brenne i terrenget.

Frå avstand kunne ein sjå kvit røyk stige opp frå fjellsida. Brannen oppstod i eit veldig ulendt og bratt terreng. Osterøy brann og redning og politiet samla seg på Reigstad ved Valestrand, og etter litt var mannskapar på veg opp i terrenget, mot der brannen herja.

Ifølge Bygdanytt sin mann på Reigstad fekk brannvesenet fått opp ein tankbil til samlingspunktet. Det var då lite vind, men på grunn av området brannen er i, kunne det bli eit utfordrande sløkkearbeid. Lokale bønder bidrog også med traktor, gyllevogn og anna nødvendig utstyr.

Ein av dei som bur på Reigstad, Terje Birkeland, går dagleg tur i terrenget kring heimplassen. Han fortalde at det er «skremmande tørt « i området, men visste ikkje kva som kan ha vore årsaka til at det har tatt fyr.

Lukta av brannen var godt merkbar på avstand.

Foto: Anders Totland

Fleire meldingar

Klokka 13.26 laurdag melde politiet at dei i lag med brannvesen også hadde rykka ut til ein mindre brann på den andre sida av fjorden, ved Breistein. Det viste seg at desse observasjonane hadde samanheng med brannen på Osterøy.