Det skal mykje til om Arne Kvam frå Trengereid ikkje stiller opp i Arnaløpet. – Eg har ein fot som ikkje fungerer, men eg deltar likevel. Det er viktig å støtte opp, seier den glade løpsentusiasten til Bygdanytt. Alle foto: Anders Totland.

Løpsfantasten Arne (81): – Eg vil delta til eg er 90

Rundt 540 sprekingar stilte opp i den 38. utgåva av Arnaløpet på Espeland. – Sjølv om det er ein nedgang, så kan me seie oss godt nøgde med talet, seier ein smilande styreleiar i IL Fri, Jarle Iversen.