Frå vaffelkroken i kiosken på Hausvik idrettsplass, smiler Sissel Fossheim Galaz. Når a-laget speler heimekamp er det full mobilisering i klubben. – Ein vil jo ha ei levande bygd, at noko skjer, så då må me berre trø til, seier fotballmammaen og styremedlemmet Galaz. Her i lag med dottera Esperanza. Alle bilda: Anders Totland.

Eldsjelene som «blør for vikje»

Hausvik FK er i prosessen med å setje eit kvalitetsstempel på arbeidet i klubben. – Me gjer mykje riktig, men me har òg ein lang veg å gå på andre område, fortel sportsleg leiar.