I lange periodar av livet sitt har tidlegare toppboksar og instruktør Heidi Merethe Guldseth budd på eit treningssenter. No vil ho skape eit nytt boksemiljø for kvinner i industrihuset i Ytre Arna. Alle foto: Anders Totland.

Heidi Merethe vil hanke tak i damene til nytt boksetilbod i Ytre Arna

– Boksing er fantastisk trening. Ein gløymer tid og stad, og her skal du legge frå deg bekymringane på trappa, seier Heidi Merethe Guldseth i Bergen kickboksingklubb.