Foto: Gregory Bull / TT / NTB Scanpix

24-åringen kom til Bergen og Arna seint torsdag , og fredag føremiddag var ho på plass i Arna idrettspark for å gjera unna papirarbeidet.

At det snødde og var kaldt fredag føremiddag, skremte ikkje Mackenzie.

Mackenzie Arnold er den nye målvakten til Arna-Bjørnar. Foto: Ronny Bertelsen

– Eg gler meg til å spela for klubben. Sjølv om eg ikkje er vant til slikt ver, så spelar det inga rolle for meg, ler ho.

– Liker du å gå på ski?

– Sist eg stod på ski var eg 12 år gammal, men eg har lyst å prøva, legg ho til.

– Fantastisk dag

Om Mackenzie er glad for å koma til Arna, er nok klubben endå nokre hakk meir nøgd med å ha fått ho til klubben. Sportsleg koordinator, ostringen Bent Raknes, jublar.

– Dette er ein fantastisk dag for klubben. Vi har fått ein landslagsmålvakt frå eit land som er rangert eit godt stykke over Noreg.

– Kvifor akkurat Arna-Bjørnar?

– Vi har agentar som følgjer med, og vårt eige team har kikka på aktuelle kandidatar. Mackenzie var ein av dei som peika seg ut. Når ho i tillegg har sjekka forholda i Bergen, så trur eg at blikket hennar landa litt på Arna-Bjørnar. Eg trur klubben har eit godt renommé, seier Raknes.

– Har klubben råd til dette?

– Ja, dette ligg inne i budsjettet, så det går bra, forsikrar Raknes.

Mista fem

Signeringa av ein landslagsmålvakt passar sjølvsagt svært bra for klubben, ikkje minst ettersom målvakten Alyssa Giannetti har reist både frå Arna og Noreg og tilbake til USA for å gjera ferdig studiene.

I tillegg til Giannetti har klubben også mista sin andre målvakt, Guro Pettersen, som dei lånte frå Stabæk. Også angrepsspelarane Emma Fletcher, Ine Wedaa og Ingrid Altermark er ferdige i klubben.

Årets målvakt

Trenar Morten Røssland opplyste til Bygdanytt i november i fjor at det å mista heile fem spelarar sjølvsagt er eit tap for laget, men at han håpa å skaffa nokre talentfulle sisteskansar før årets sesong. Med ein australsk landslagsvakt på plass kan ein trygt slå fast at Røssland er godt i gang med å forsterka laget.

Noreg møtte for øvrig Australia under Algarve Cup nyleg, og her enda det med eit 3-4-tap. Det kan også leggast til at Arnold har spelt på det australske landslaget sidan 2012, og laget ho inntil signeringa med Arna-Bjørnar var tilknytta i Australia var Brisbane Roar, som ho har spelt for sidan oktober 2016.

Av personlege merittar kan det nemnast at ho med klubben Perth Glory vann serien i 2014, medan ho for sesongen 2012–2013 blei kåra til årets målvakt i Australia.