Arna-Bjørnar kravde omkamp, men leverte aldri protesten

– Vi hadde nok ikkje kome nokon veg, så vi valde å droppe det, seier styreleiar.

UTVIST: Emilie Nautnes sitt raude kort blei ein snakkis.
  • Mads René Trellevik
Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

For to veker sidan rasa debatten i fotball-Noreg då Emilie Nautnes fekk raudt kort og måtte stå over ein kamp for å ha somla av banen.

Verken spelarane, trenaren eller leiinga i Arna-Bjørnar skjønte grunngjevinga.

Arna-Bjørnar-trenar Morten Røssland meinte det raude kortet var direkte avgjerande for at leiinga vart snudd til tap, og uttalte at laget kravde omkamp.

Les også

Røssland: - Ein katastrofe for fotballen

NFF: Ingen protest

Til Bygdanytt opplyser Noregs fotballforbund (NFF) at den formelle protesten aldri blei mottatt.

– Vi mottok varsel om protest frå Arna-Bjørnar etter kampen, men det blei ikkje følgd opp med ein formell protest eller betaling av protestgebyr innan fristen, seier Espen Auberg som leiar juridisk seksjon i NFF.

Saka blei derfor ikkje send til vidare handsaming.

– Droppet det

Arna-Bjørnar stadfestar at kravet om omkamp aldri blei følgd opp.

Ingen protest: Styreleiar Siv Lekven meiner enno at det raude kortet var feil.

– Vi måtte betale 2500 kroner berre for å gå vidare med saka, så då sette vi oss ned og fann ut at det eigenleg ikkje var verdt jobben. Vi følte at vi ikkje hadde kome nokon veg likevel, så vi droppa det, seier styreleiar Siv Lekven.

Klubben valde å rette blikket framover, og heller bruke pengar og energi på det.

– Vi burde ideelt sett sendt inn ein protest for å sette eit eksempel, men eg trur aldri at vi hadde kome i mål utifrå dei signala vi har fått til no.

Publisert:
  1. Arna-Bjørnar Fotball
  2. Arna
  3. Fotball

Mest lest akkurat nå

  1. Fekk fleire hundre tusen i ekstra straumutgifter

  2. Ung sjåfør mistet lappen

  3. Arna helseheim: Så stor andel av de ansatte er uvaksinerte

  4. Slik kvitta Bjarte seg med 36,8 kilo på eit halvt år

  5. Her får du full oversikt over alle treningstilboda i Arna og på Osterøy

  6. 234 nye smittede i Bergen siste døgn