Frå 1. juni fekk alle aldersbestemde lag (under 19 år) lov med kontakttrening etter fleire månader med korona-restriksjonar. No vil laga spele cupar og kampar. – Det går ikkje ei trening utan at gutane spør om når dei kan få spele kamp, seier Kim Solberg, trenar for laget på biletet - Osterøy IL gutar 13. Alle foto: Anders Totland.

Det einaste denne gjengen vil er å ta på seg kampdrakta att

– Kvar einaste gong me er på trening spør gutane: Når kan me spele kampar att, fortel trenar og tidlegare Osterøy-spelar Kim Solberg i Osterøy IL.