36 deltakarar stilte til start under årets Osterøymeisterskapen i terrengløp i Mjelddalen. 34 av dei var 12 år og yngre.

Ingen seniorar eller juniorar deltok. – Me kjem sterkare tilbake neste år, kunne trenarlegenda Bjarte Vik forsikre.

Lilly Solstad (12) er ein av mange unge talenta klubben gjerne vil satse på.

Onsdag kveld imponerte ho og mange andre ostringar på den humpete sletta i Øvre Mjelde.

Men, før Lilly og dei andre smårollingane kan skine på den store scena, har dei mykje å lære.

Når ein høyrer startpistolen for første gong kriblar det litt ekstra.

I terrengløp er det ikkje tida som er viktigast. Det handlar om å kome først til mål. Og, Victor (442) vil gjerne vinne.

Talknusar og OIL-legende Vidar Simmenes har full kontroll på tida. Sist gong han og resten av klubben kunne kåre ein terrengmeister i Mjelddalen var under NM i 2018.

Foto: Anders Totland (arkiv)

Eit NM som serverte oss slike scener av Magnus Gjerstad. Han blei nummer fem.

Er Marius frå Bruvik vår nye Magnus?

Eller kanskje denne spretne krabaten her?

Men, på i friidretten er alle vinnarar – uansett om ein kjem først eller sist. Ein heiar på alle.

Me heiar på deg, Aurora.

Og, deg Oscar frå Haus.

Hos dei litt eldre gutane er resultat viktig. Kven er raskast?

Hausvik-spelarane i familien Litland måtte jo finne ut kven som er kjappast på jordet.

Denne gongen blei det Bjørn.

Kompisgjengen heiar uansett på alle.

Cassandra kan krone seg med tittelen Osterøymeister.

Det kan denne dyktige jenta og gjere.

Lilly og, sjølv om Cassandra kom først i mål på 300-meteren.

Når ein gir det ein har, så er ein ein meister.

Det veit denne nybakte bronsemedaljøren frå Haus alt om.

Til eimen av gjødsel og jord blei Trygve Feidje Mjelde heidra av klubben sin på jordflekken. – Det er lukta av suksess, kan den sympatiske ostringen seie til lokalavisa si.

Men, blei det ikkje kåra ein Osterøymeister denne kvelden? Tore Hannisdal stod klar for å hente heim trona.

Og, 79-åringen John Bernes. Psssst: Søstera, Ragnhild Hanstveit rundar 90 år og spring/går Holavatnet rundt då denne reportasjen blei laga.

Begge er vinnarar.

Men, 55-åringen Tore kan trygt gå heim og seie at han er Osterøymeister 2024.

Spørsmålet er: Får me ein ny Magnus eller Trygve?

Me må vel tru det. Klubben er i alle fall godt i gang med planlegginga ...

Framtidsheltane