Over 2000 lag. Over 6000 kamper. 1600 frivillige. Full rulle frå morgon til kveld. Sport. Kultur. Sosialt.

Det er klart for Norway Cup 2018.

– Det er deltakarar frå heile landet, og store deler av verda - og frå vårt område, seier journalist Anders Totland.

Han er til stades på Ekebergsletta heile veka, og kjem til å rapporter heim til Bygdanytt sine lesarar.

Anders Totland er på plass på Norway Cup i Oslo og følger dei lokale laga våre. Tips gjerne om Norway Cup-saker på anders.totland@schibsted.com. Foto: Eirik Langeland Fjeld

Det vert tradisjonelle avissaker og mange bilete, men óg drypp i sosiale medium.

– Eg kjem ikkje til å leggje vekt på å vere først med kampfakta. Eg skal ikkje drive ein resultatservice, men heller snakke med spelarar, trenarar, familie og arrangørar. Eg vil formidle stemninga og folkelivet, seier Totland, som er på plass på Sletta laurdag ettermiddag.

Om du har tips til Anders kan du sende han ein e-post på anders.totland@schibsted.com.