Dei to laga spelte sin første semifinale søndag, med landslagssjef Martin Sjögren på tribuna.

VG skriv at Chelsea gjekk ut i høgt tempo frå start og scora alt på den aller første sjansen i kampen etter berre fire minutt.

Deretter overtok Wolfsburg meir og meir av spelet og utlikna kvarteret etter målet til Chelsea.

Wolfsburg gjekk opp i leiing berre minuttet før slutt då Maren Mjelde var uheldig og sendte ballen i eige nett med hovudet.

Det siste målet i kampen kom i det 68. minutt på eit hjørnespark.

– Best på laget

Til VG seier landslagssjefen på det kvinnelege landslaget at trass sjølvmålet var Maren Mjelde Chelsea sin beste spelar i kampen.

Returkampen spelast søndag 29. april, medan finalen blir spelt i Kiev i Ukraina torsdag 24. mai.

Dersom Chelsea skal ta seg vidare til finalen må dei vinna med minst tre mål meir enn Wolfburg på grunn av bortemålsregelen som seier at dersom resultatet mellom to lag etter to kampar er uavgjort, vil det laget som har scora flest mål på bortebane vera vinnar av oppgjeret.