Under tikampen i austerrikske Götzis i helga hamna Roe frå IL Fri på ein 12. plass med 8017 poeng. Det var fjerde gong han klatra over 8000 poeng, skriv friidrett.no.

Roe fekk ein god start, men det klaffa ikkje 100 prosent i alle øvingane.

Dermed nådde ikkje han ikkje opp til den norske rekorden han sette for vel ein månad sidan. Og han hamna også eit stykke bak vinnaren Damian Warner som fekk 8795 poeng.

– God form

– Det blei ei tøff helg i 30 grader. Formen min er kjempegod, men det blei litt mykje kjemping i dag, sa Roe til friidrett.no då han var ferdig.

På 110 meter hekk fekk han tida 15.50 i motvinden og tapte 41 poeng. I diskos var Roe ikkje langt frå årsbeste då han kasta 47.89 meter.

I stav trong Roe to forsøk på å koma seg over 4.70 meter, medan neste høgde var 4.80. Det er fem centimeter over hans personlege rekord utandørs og identisk med innandørspersen. Roe kom seg over i andre forsøk, men måtte gje tapt på 4.90.

– Diskos og stav gjekk bra og eg hadde eit svært godt hopp på 4.80 i stav. Fem meter bør difor vera realistisk. I spyd sleit eg med ein vond alboge og ein vond skulder som eg fekk på laurdag, kunne Roe oppsummera.

Nøgd trenar

I spyd kasta han 58.74, noko som er nesten åtte meter bak årsbeste og persen. På 1500 meteren blei tida 4.41.44, knappe halvsekundet bak årsbeste.

Roe fekk 10.82 på 100-meteren, ei tid som er tangering av årsbeste. I lengde fekk han 7.55, medan han i kule fekk 14.99. I høgde fekk han 1.88, medan han blei klokka inn på 49.70 på 400-meteren.

Trenar Ingunn G. Jacobsen er svært godt nøgd.

– Dette er fjerde tikampen Martin går over 8000 poeng, og det er stort. Alle dei beste 10- og 7-kjemparane i verda får invitasjon til å delta på dette stevnet, og sjølv om ikkje alle øvingane gjekk så bra, blei det pers både i lengde og stav. Elles gjorde vi jo mange gode erfaringar i varmen på 30 grader, seier Jacobsen.