På nyttårssaftan publiserte Hausvik FK ei helsing til medlemmane til fotballklubben og støttespelarar.
Som du kan sjå på biletet øvst i saka, er nyttårshelsinga av det noko utradisjonelle slaget.
Kunstverket blei til då Geir Atle Mjelde, som bur i Mjeldalen, var ute på joggetur to dagar før nyttårsaftan.
– Då eg var ferdig å springa, så fann eg ut at det var passelig med snø til å gjera eit lite «stunt». Då tok eg snøskuffa som ligg ved banen, og brukte den til å laga ei lita nyttårshelsing, seier han.
Den natta snødde det igjen, og teksta blei dekt i kvitt. Men så blei det mildvêr igjen på den store dagen.
– På nyttårsaftan dukka teksta opp att. Mildvêret gjorde at det nye snølaget smelta vekk, så det var jo heilt ideelt, fortel han og humrar.
– Er du ein ildsjel i klubben?
– Vel, det er å ta litt hardt i. Eg har ein gut som spelar fotball i klubben og er ein ivrig Hausvik-supporter. Og er oppteke av idrett generelt, skildrar Mjelde.