Laurdag 2. juni blir sykkelrittet Bergen-Voss arrangert for 42. gong. Til helga skal over 2000 syklistar sykle heilt frå Bergen til Voss.

Det fører mellom anna til at Kvamskogen blir einvegskøyrt mellom klokka 0800 og 12.00. Fv. 7 blir stengt ved Frølandsvatnet for all trafikk mot Norheimsund.

Trafikken frå Samnanger i retning Kvam må velje alternative ruter via Trengereid/Dale eller Eikelandsosen/Mundheim.

Her er tidspunkta syklistane vil passera dei ulike stadane på traseen:

  • Garnes-Trengereid: 0730-1030

  • Trengereid-Norheimsund: 0800-1300

  • Norheimsund-Ålvik: 0900-1500

  • Ålvik-Granvin: 0930-1630

Arrangøren av sykkelrittet ber folk om å la bilen stå heime dei timane syklistane passerar deg.

– Dei aller fleste tek omsyn til ryttarane som er på veg til Voss. Samtidig som vi som arrangør må også vise smidigheit ovanfor dei som har behov for det, fortel rittleiar Einar Nystad.

  • Vet du om noen fra Arna eller Osterøy som er med på sykkelrittet? Tips oss på tips@bygdanytt.no!

Han har inntrykket av at bilistane er flinke til å samarbeide, og trur utfordringa kan vere større køyretøy som turistbussar tidleg på dagen.

– Er de klare for helga?

– Ja, vi er veldig klare og kjempespente. Som vanleg er vi heldige med vêret. Det er i alle fall ikkje låge temperaturar som er utfordrande i år, ler han.

Nystad oppmodar folk til å heie på syklistane langs traseen.

– Det er klart at når folk heiar langs løypa, så blir bakkane ikkje fullt så bratte. Det er alltid kjekt når det er mykje folk som står langs vegen, seier han.

I kartet under kan du følgje trafikken direkte. Raudt betyr kø, medan grønt betyr at det ikkje er kø. Ser du noko i trafikken som Bygdanytt bør omtale? Send oss gjerne tips på tips@bygdanytt.no