Det var landslagssjef Martin Sjögren som tysdag klokka 13.00 presenterte troppen som skal spela dei to viktige VM-kvalifiseringskampane mot Irland.

– Dette er ein kjernetropp vi har brukt stort sett siden EM. Det er ei mindre justering frå kampane mot Nord-Irland grunna skadar på to av spelarane, seier Sjögren.

I april slo Noreg Nord-Irland 3–0 i Nord-Irland.

Først kamp er ein bortekamp som blir spelt 8. juni, medan returkampen går på Viking Stadion 12. juni.

Noreg treng full pott i begge kampane for å halde liv i VM-draumen.

Også Chelsea-ladies spelaren Maren Mjelde frå Arna er tatt ut til dei to VM-kvalifiseringskampane mot Irland. Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det blir ikkje enkelt å reisa til Irland og ta tre poeng, men vi har eit klart mål om seks poeng. Irland er defensivt sterke og vil ligga lågt. Irland er ganske mykje betre enn Nord-Irland, så vi må spela to svært gode kampar, seier Sjögren.

Også troppen til herrelandslaget blei tatt ut tysdag, og dei skal spela mot Island borte 2. juni og så møter dei Panama på Ullevaal fire dagar seinere.