22 spelekåte mannfolk i raudt og kvitt står klare på kunstgraset på Arna stadion i Ytre Arna.

Det er som det reine vårsleppet.

I 15 månader har breiddeidretten - for dei over 20 år - stått på vent.

– Gå ut og kos dokker. Nye augeblinken. Denne treningskampen betyr ikkje all verda, men no er me i gang, seier Fri-trenar Dan Martinsen.

Fri-gutane jublar.

– Kom igjen, gutar. Endeleg er ventatida over, rungar det i garderoben.

Stort sakn

Ved den overfylte AB-benken står den «ekte poteten» - han som brukast til alt på bana - Simen Knutsvik.

Han er historisk.

– Du scora det første post-covid-målet for AB-seniorene. Korleis kjennest det?

– Magisk. Heilt ufatteleg deileg, smiler 20-åringen frå Haugland.

Att med stråler Kevin Frøderberg og ler.

– Dette er berre nydeleg å kome tilbake. Eg har sakna det fantastiske fellesskapet i gruppa vår.

Trenar Jørn Frode Mjelde nikkar.

– Det var på høg tid. Utan tvil.

Bilseljaren og med hjarte i AB, Simen Knutsvik utnytta feil i Fri-forsvaret og sette inn 1–0 etter få minutt. Han blei dermed den aller første seniorspelaren med nettsus etter at breiddeidretten fekk lov til å drive aktivitet att.
– Det er berre nydeleg å vere tilbake, seier Ytre Arna-buen Kevin «Dønnum» Frøderhaug, som har spelt for klubben sidan første klasse.
B-laget til Arna-Bjørnar blir leia av espelendingen Jørn Frode Mjelde. – Me er ein samansveisa gjeng på i overkant av 20 fantastiske ungdommar. At me no fekk lov til å spele kampar att, betyr meir enn kva folk trur. Dette er viktig for veldig mange, seier trenaren.
Sonen til trenar Jørn, Mikael Mjelde, gliste frå øyre til øyre denne småsure kvelden i Ytre Arna. – Saknet av gjengen har vore stort, men no ser me framover, fortel 21-åringen.
– Kom igjen, gutar. No må me tore å spele litt, kjem det frå trenar Jørn i garderoben.

– På bana eg høyrer heime

Og du, den ubetydelege kampen vann kvittrøyene frå Espeland med 3–1. Tommy Minde sytte for frispark-magi rett før slutt.

– Eg har ikkje ord. Dette var stort!

Kunstgraset er tomt. Det er berre bagen til «Tinder-Henrik» som ligg att.

– Korleis har du det no? Svett og god etter 90 minutt med kompisane dine?

– Trøytt og sliten, men eg har det bra.

– Kva er fotball og Fri for deg?

– Alt. Absolutt alt. Det er på fotballbana eg høyrer heime.