Kaptein Julian Eriksen Lillefosse og resten av gutane på G19-laget skal vere stolte over kva dei har prestert i årets Norway Cup. Her ser du Julian i kamp mot Surnadal – ein kamp Osterøy vann enkelt som berre det. Foto: Thor-Eivind Mjelde/Osterøy IL

Kvartfinalen glapp for Osterøy-gutane – sit att med mange gode minne

G19-laget leia 2–0 og hadde full kontroll i åttandedelsfinalen mot Bremnes. Men, så rakna det. – Me hadde det tøft etter kampen, seier Morgan Ahmer.