Få meiningane dine publisert i Bygdanytt
Dei siste åra har det vore mykje debatt rundt dumping av gruveslam i fjordar og sjødeponi. No har denne debatten nådd Hordaland.
Overskotsmasser frå om lag 30 kilometer veg og 28 kilometer jernbane mellom Arna og Stanghelle– som i stor grad vert bygga i tunell – står i fare for å verta dumpa i fjorden mellom Osterøy og Vaksdal.
Fordi det er meir kostnadseffektivt enn å transportere steinen til eit landdeponi eller til bruk på land.
Steinmassane frå ny E16 kan hamne i Sørfjorden og Veafjorden
Statens vegvesen har meldt at dei helst ynskjer at steinmassane som vert resultatet av veg- og jernbanebygginga skal nyttast til samfunnsnyttige føremål, men saka er vanskeleg fordi samferdselsministeren har sagt nei grunna auka transportkostnadar ved ei slik løysing.
I sommar har Statens vegvesen og Bane Nor hatt saka ute på høyring. Bergen kommune si høyringsfråsegn åtvarar mot dumping av steinmassane i Grimevatnet pga. omsyn til Nesttunvassdraget.
Men ei løysing med dumping i dei aktuelle fjordane er heller inga berekraftig løysing.
Området er ein nasjonal laksefjord og eit viktig gyteområde for torsken. Å øydelegge livet på botn i fleire hundre år, og risikere at faunaen aldri kjem attende, kan ikkje vere løysinga berre fordi det er meir kostnadseffektivt.
Fleire er kritiske til sjødeponi i Sørfjorden
Raudt krev at steinmassane frå dette samferdselsprosjektet vert handsama på ein miljøvenleg, berekraftig måte, og at planane om dumping i fjorden vert skrinlagt for godt.
Lesarbrevet er skrive av Jeanette Syversen, leiar i Raudt Bergen, og Magne Hagesæter, leiar i Raudt Hordaland.