«Endeleg får familien bygga huset sitt» står det med store bokstaver i Bygdanytt fredag 26. januar. Med det burde vel eventyret om Georg som freista byggje hus «Der ingen må tru at nokon får bu» vera over. Men er det det, eller kan me vente oss nye påfunn kommunen?

Gjennom media har ein kunna lesa om korleis kommnen nærast har leita etter store nok kjeppar til å stikke i hjulet for å stanse byggeplanane til ein familie som ikkje har anna ynskje enn å etablera seg på den plassen på Osterøy dei har peika ut som sitt paradis, og det er ikkje i eit av dei mange «klyngetuna» eller i ein av «starekassane» i «fugleberget» ein ynskjer å få til på Valestrand, men i Mjeldalen. Hvis du gidder å vri hovudet litt mot høgre før du køyrer inn i Tirsåstunellen, forstår du kvifor.

Kommunen burde trykke slike ungdommer så hardt til seg at dei fekk varig men av det, framfor å laga så mykje kvalme og oppgulp som dei har gjordt her. Vil ikkje kommunen ha etablerarar til øya?

Eg har fulgt med på denne saka ei stund no og det er ikkje fritt for at det har meldt seg haugevis med spørmål eg gjerne skulle hatt svar på. Kva er det med denne plassen i Mjeldalen?

Er det heilag grunn ein trør på her? Ligg det nedgravd noko eller nokon som ikkje bør koma for ein dag her, eller er dette rett og slett nokon som som har slått seg saman for å stoppe Aasheim-familien frå å bli naboen deira?

Spørsmåla forblir vel ubesvart er eg redd. Det siste innspelet i saka er at det bør stillast krav til farge og tak på huset deira. Kva farge ser ein for seg her då...kamuflasjefarge? Ser ein på skifertak, så ser eg at berre to av naboane til Georg har det. Eit på kvar side. Resten har takheller eller bølgeblikkstak. Kva med dei då?

Mykje godt at ikkje kommunen forlanger å skrive handleliste og... Måten kommunen har behandla denne familien på er horribel, og burde absolutt lagt som ei varslingssak for Stortinget på Løvebakken. La familen få byggje huset sitt i fred og ro no, samle samen alle rosene som vert delt ut ved komunevalget til ein stor bukett, gå ned på kne og be Georg og hans sambuar om orsaking.

La oss no kunna sei: «Snipp snapp snute..så var det eventyret ute»

Atle Henning Mjøs, Haus