For tredje året på rad skal Bærekraftige Liv Arna dele ut julemat til folk som slit økonomisk.

I 2022 fekk organisasjonen inn over 50.000 kroner, noko som gjorde at rundt 60 familiar i Arna fekk redda julekosen.

Les også: En pose full av håp og glede

No har dei frivillige nevane i Arna starta kronerulling for å fylle opp nye posar med julemat, og i skrivande stund har dei fått inn rundt 20.000 kroner.

– Me veit at fleire har det nok vanskelegare økonomisk i år med høge straum- og matvareprisar, seier Indrearne til Bygdanytt.

PS: 20. desember skriv Veronica Minde i Bærekraftige Liv at dei har posar tilgjengelege og skal dele ut mat på Osterøy.

Karina Indrearne (t.v.), Veronica Minde og Irmelin Brun i Bærekraftige Liv Arna. Foto: Anders Totland (arkiv)
Her i Hølbekken skal Bærekraftige Liv Arna dele ut juleposar 21. desember. Foto: Anders Totland (arkiv)

«The sky is the limit»

– Kor mange familiar kan de hjelpe i år, vil de tru?

– Det er usikkert Det er kronerullinga som set eit tak på kor mange me kan hjelpe i år. «The sky is the limit», seier Indrearne og føyer til.

– Men, me er bekymra for å ikkje kunne hjelpe alle som tar kontakt, innrømmer ho.

– Med dei høge matprisane og mindre pengar å rutte med, så er det avgrensa kor mange me kan hjelpe. Kanskje må ein redusere innhaldet i posane, noko me ikkje ønskjer, poengterer ho.

– Bærekraftige liv handlar om at saman kan vi skape noko stort og godt for kvarandre, sa Indrearne til Bygdanytt under den første utdelinga i 2021. Foto: Anders Totland (arkiv)

– Korleis er pågangen i år?

– Det er jo naturleg å tru at det ikkje er færre som har det trått i desse dagar. Me har fått førespurnader frå folk som vil stå på lista i september.

Organisasjonen kan opplyse at årets matutdeling skjer i lokalet til Arna Misjonsmenighet i Hølbekken, på Arnatveit, 21. desember frå klokka 16.

Meir info finn du her.

I 2022 møtte me småbarnsfaren «Stian» som tok to bussar for å sikre seg ein julepose til seg og sin familie. Foto: Anders Totland (arkiv)