Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) går ut med varsel om fare for lokale oversvømmingar, overvatn i tettbygde områder og jord- og flaumskred der regnbygene treffer tysdag.

Det er meldt kraftige regnbyer over Vestlandet i dag, lokalt kan det kome opp mellom 40 og 60 millimeter nedbør i ein periode på seks tima.

Nivået på varselet er merkt oransje og sett på som «alvorleg situasjon». Faren vil auka frå klokka 12:00 og utover.

– Pass på overvatn og vannplaning

Statens vegvesen har gått i gang med førebyggjande tiltak mot overvatn enkelte stadar i Vestlandet.

– Entreprenørar er ute og førebur litt ved å reinska slukar og sånne ting, men blir det dei nedbørsmengdene som det er meldt, vil det uansett bli overvatn både her og der, seier trafikkoperatør Morten Hansen i Vegtrafikksentralen Vest.

Han oppfordrar bilistar til å vera forsiktige når dei er ute og køyrer.

– Bilistane bør passa på overvatn, som kan kome rundt neste sving og passa på vannplaning, det er vanleg prosedyre som eg trur dei fleste bilistar kjenne til.

NVE rår folk til å følgja instruksjonar frå lokale styresmakter og behov for beredskap skal fortlaupande bli vurdert av beredskapsaktører.