Dei tre noverande og tidlegare tilsette i barnevernet på Osterøy seier dei tykte det var audmjukande å høyra debatten i formannskapet i midten av februar.

Ordførar Lars Fjeldstad (Sp) svarer dei tre at han har tatt dette på største alvor og gjort sitt beste for å setta seg inn i lovverk og rutiner.

– Kommunen har og, som Bygdanytt har skrive om tidlegare, brukt betydelege summar på juridisk bistand. Eg har heile vegen prøvd å ha ein open dialog og samarbeidd med formannskapet på korleis vi skulle gå fram i sakane. Eg legg ikkje skjul på at dette har vore vanskeleg og komplisert, seier Fjeldstad.

– Må ta lærdom

– Dei reagerer på ordbruken i formannskapet. Kva seier du til det?

– Eg tykkjer det er leit at ordlaget i formannskapet blir oppfatta på måten det blir. Dette må vi ta lærdom av. Eg kan berre ta ansvar for dei orda eg har brukt, og om mine ord har vore over streken, så kan eg ikkje anna enn å beklaga det. Kva andre har sagt i formannskapet, må nesten dei stå til ansvar for sjølve, seier Fjeldstad.

Han presiserer at formannskapet er eit offentleg utval som må ein heimel for det dersom møtet skal lukka dørene.

– Vi kan ikkje lukka eit møte fordi ei sak er vanskeleg eller ubehageleg. Eg har prøvd så godt eg kan å balansera personvern opp mot meiroffentlegheit, og hatt ein open dialog med formannskapet på når lukkinga av møtet skulle skje, seier Fjeldstad.

– Kommuniserer ikkje via media

Rådmann Ingvild Kirsti Hjelmtveit seier dei tar situasjonen i barnevernstenesta på høgste alvor.

– Men vi ønskjer ikkje å kommunisera med tilsette via media. Vi er her dersom dei ønskjer å snakka med oss. Vi følgjer elles den planen vi la i juni i fjor med tiltak for å jobba med faglege rutinar og arbeidsmiljø i barnevernstenesta, seier Hjelmtveit.