Arbeidstilsynet vil ikkje prioritera tilsyn i barnevernet

Formannskapet i Osterøy har bede Arbeidstilsynet gjennomføra tilsyn med både barnevernet og varslingsutvalet i kommunen. Det har tilsynet no sagt nei til.

Barnevernet på Osterøy har vore gjennom ei tøff tid dei siste månadene, der mellom anna leiaren har sagt opp. Formannskapet ønskte at Arbeidstilsynet gjennomførte tilsyn, og no er svaret klart.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

I byrjinga av august i fjor omtalte Bygdanytt eit varsel frå ein tilsett i barnevernet som peika på alvorlege forhold, der tilsette blir utslitne og sluttar grunna dårleg arbeidsmiljø.

Kommunen identifiserte også kven varslaren var i eit ope møtereferat som kven som helst hadde tilgang til i postlista til kommunen.

Også ordføraren fekk tilsendt eit varsel direkte til seg, og han tok saka opp i formannskapet i november i fjor. Varselet omhandla forholda i barnevernet, alle leiarane, frå nærmaste leiar og opp til rådmannen.

Saka blei behandla bak lukka dører, og formannskapet vedtok samrøystes å senda varselet til Arbeidstilsynet med tanke på at tilsynsorganet skal gjennomføra eit tilsyn i barnevernet og varslingsutvalet sitt arbeid og prosessar.

Må ordna opp sjølv

No har Arbeidstilsynet svart, og tilsynet skriv: «Klagen på varslingssaken skal altså håndteres av virksomheten selv, eventuelt med bistand fra kompetente eksterne. I den sammenheng kan man vurdere bruk av bedriftshelsetjenesten eller eventuelt andre aktører. Arbeidstakere som er misfornøyd med håndteringen av en varslingssak, eller klagen på denne, kan bruke tillitsvalgte og advokat. Det går også an å bringe håndteringen av en varslingssak inn for domstolene.»

Publisert: