Click this link to find information about corona in different languages.

Slik hindrar du spreiing av koronavirus

Viruset spreier seg raskt gjennom hoste og nysing.

Det er difor viktig å vaske hendene ofte og grundig. Ein må òg nytte desinfiksjon så ofte som mogleg. Ein må hoste inn i olbogen.

FHI har uttalt at ein bør unngå tett kontakt mellom menneske, og fleire kommunar har innført strenge restriksjonar, noko som påverkar liva til folk.

Informasjonsline om koronaviruset kan du nå på telefonnummer: 815 55 015.

Folk som trur dei kan være smitta, kan ringe fastlege eller legevakt på 116 117.

Det er viktig at folk som trur dei kan vere smitta, ikkje møter opp hos legen, eller på legevakta, men blir heime og tar kontakt på telefon.

. Foto: Per Andre Omsveen

Stengjer skular og barnehagar

Alle utdanningsinstitusjonar blir stengde frå klokka 18 torsdag.

Kulturarrangement blir forbodne og barar, symjehallar og frisørar er blant dei som må stengje.

Nye, strenge reglar vil også gjere det vanskelegare å gå på sjukebesøk.

– Det blir innført restriksjonar for besøk til helseinstitusjonane og inngangskontroll for å ta vare på smittevern for pasientar på helseinstitusjonane i landet, opplyser Helsedirektoratet.

Dette er koronaviruset:

Utbrotet starta i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina i desember 2019, og blei i byrjinga knytt til eit matmarknad i byen.

Viruset blei identifisert av kinesiske helsemyndigheiter 7. januar 2020.

Det nye viruset som fått namnet SARS-CoV-2 er eit koronavirus (coronavirus) som kan gje luftvegsinfeksjon hos menneske.

Det nye koronaviruset (SARS-CoV-2) er eit tidligare ukjent virus, men har visse genetiske likskapar med SARS-viruset (Severe Acute Respiratory Syndrome) som òg tilhøyrer koronavirusfamilien.

Sjukdommen har fått navnet covid-19.

Sjukdommen smitter mellom menneske og har spreitt seg frå Kina til store delar av verda, Norge. Her til lands blei viruset påvist 26. februar 2020.

Mange koronavirus gjev berre forkjøling, medan andre kan gje meir alvorleg sjukdom og i nokon høve forårsake dødsfall.

Koronavirus finst også hos dyr.

Foto: Per Andre Omsveen

30. januar 2020 erklærte WHO utbruddet som ei "alvorleg hending av betydning for internasjonal folkehelse".

Seinare har WHO uttalt at det no dreier seg om ein pandemi.

Folkehelseinstituttet (FHI) oppdaterer fortløpande informasjon og råd til befolkninga og helsepersonell på nettsidene sine. Laboratoriet ved FHI har tilgjengeleg analyse for rask påvisning av viruset, og har referansefunksjon for diagnostikk av SARS-CoV-2.

Koronaviruset spreier seg fort, og per dags dato er over 600 smitta i Norge. Ingen har enn så lenge måtte bøte med livet.

Kjelde: Folkehelseinstituttet.

Foto: Jonas Taraldsen