Bygdanytt møter to tidlegare og ein noverande tilsett i barnevernet få dagar etter at alle varsla har vore oppe i formannskapet, før heradsstyret seinare behandla tilstandsrapporten i barnevernet.

Men det er særleg behandlinga i formannskapet, samt informasjon rundt tilstandsrapporten frå tenesta dei reagerer på.

I juni i fjor sendte nesten alle dei tilsette i barnevernet varsel til Statsforvaltaren om det dei peika på var ei rekkje kritikkverdige forhold og lovbrot i barnevernet.

Seinere sendte ein av dei tre eit eige varsel til ordføraren på 90 sider om kva ho hadde opplevd.

Dei fleste sidene vart sladda i den offentlige versjonen.

Dei sakene kan du lesa her:

Alvorlege skuldingar i sterkt sladda varsel om barnevernet

Rådmannen: Varselet handtert i tråd med retningslinene

Formannskapet har sendt varslarsaka til Arbeidstilsynet

Avviste varsel

Sidan har det kome to interne varsel til.

Varsla blei sendt til ordføraren, for at han skulle ta sakene opp i formannskapet. I formannskapet blei det ein debatt om formalitetar før møtet vart lukka for offentlegheita.

Etter ein lang debatt vedtok fleirtalet i formannskapet å senda dei to siste varsla til det interne varslingsutvalet fordi dei meinte at saka ikkje omhandla rådmannen direkte.

Formannskapet avviste også det første varselet fordi dei har tillit til rådmannen og det interne varslingsutvalet si handtering.

  • Les svaret til ordføraren her.

Reagerer på «smutthol»

– I møtet kom det mellom anna kommentarar om de hadde funne eit «smutthol» og at fleire i formannskapet frykta at det vil koma eit ras med varsel om dei opnar opp for det. Korleis reagerer de på det?

– For det første opplever vi at leiinga gjennom varslingsprosessane har bagatellisert både innhaldet i varsla og situasjonen i tenesta. I tillegg opplever vi at dei har omtalt oss i nedsettande og audmjukande ordlag i formannskapet og til media.

– Vi opplever også at politikarane og leiinga i kommunen ikkje forstår den enorme belastninga det er å vera ein intern varslar. Å varsla om sin eigen arbeidsplass sit langt inne og set varslarar i ein vanskeleg situasjon. Vi opplever alle tre å ha blitt pressa ut av jobbane våre, seier dei tre, som førebels ønskjer å vera anonyme.

Kjenner seg mistenkeleggjorte

– Kvifor ønskjer de å vera anonyme?

– På grunn av belastninga vi alt har opplevd med å vera interne varslarar, samtidig som vi er redde for ytterlegare konsekvensar.

– Vil de seia at kommunen prøver å legga lok på saka?

– Ja, men også å mistenkeleggjera varslarane. Det dei skulle gjort var å ta tak i dei utfordringane vi løfter fram. Det er berre politikarar frå Frp som har undra seg og stilt spørsmål om tilstanden i tenesta, og som verkar å ta varslarane på alvor, seier dei tre.

– Gått tenesteveg

– Kommunen vil kanskje hevda at de kunne vore flinkare til å gå tenesteveg med det de meiner ikkje fungerer i barnevernet. Kunne de det?

– Vi har i fleire år gått tenesteveg ved å melda avvik og gitt beskjed om det vi meiner har vore uforsvarleg til våre nærmaste leiarar, utan at det har ført til at tenesta i dag blir drifta forsvarleg, seier dei tre.

Dei presiserer at i følgje varslingsrutinane til kommunen står det at varselet skal leverast til ordføraren dersom det omhandlar rådmannen.

– Rådmannen direkte involvert

– Vi opplever at rådmannen har vore direkte involvert i desse prosessane og burde tatt grep for å betra situasjonen i tenesta, samt forhindra gjengjelding etter varsling.

– Vi har rådført oss med både tillitsvalde og verneombod før vi sendte varsela, og vi har ønska å følgja rutinane til kommunen, seier dei tre.

Dei legg til at dersom situasjonen i barnevernstenesta og kommunen skal bli betre, er ein avhengig av at det blir varsla på kritikkverdige forhold.

– Barn, unge, foreldre og samarbeidspartar som er i kontakt med barneverntenesta fortener betre hjelp enn det dei får i dag, slår dei tre fast.