I sommar varsla ein tilsett i barnevernet på Osterøy om det ho meiner er ei rekkje lovbrot i behandlinga av sakene, samt kritikkverdige forhold for dei tilsette.

Varslingsutvalet konkluderte med at dei ikkje kunne sjå at lova hadde blitt brote, og ikkje lenge etter sendte varslaren eit omfattande dokument til ordføraren.

Les også:

På over 20 sider skriv ho i kronologisk rekkjefølgje om det ho meiner er lovbrot i barnevernet si utføring av tenestene, gjengjeldingar frå leiinga fordi ho varsla, og ei rekkje andre alvorlege skuldingar.

Bygdanytt kravde innsyn i dokumentet. Dokumentet inneheld både ei rekkje namn og anna informasjon som kommunen må vurdera om det er informasjon dei etter lova har lov til å gje ut.

Trong juridisk hjelp

Ordførar Lars Fjeldstad (Sp) meinte først at han ville klara å sladda informasjonen som etter lova skal sladdast, men etter nokre dagar opplyste han til Bygdanytt at ein advokat måtte vurdera dette.

Etter å brukt fleire dagar på å gje gjennom dokumentet og sladda det advokaten meiner skal sladdast, kom nyleg rekninga for jobben til kommunen.

Prisen landa til slutt på 160.000 kroner inkludert meirverdiavgift.

– Skal vera ein transparent kommune

– Dette innsynskravet blei vel i overkant kostbart, Fjeldstad?

– Det brukt monalege midlar på juridisk bistand i saka, men eg kan vanskeleg å sjå for meg korleis dette kunne blitt gjort utan slik bistand. Vi skal vera ein transparent kommune, samtidig som vi ivaretar persontryggleiken til både tilsette og innbyggjarar.

Ordførar Lars Fjeldstad seier han vanskeleg kan sjå for seg korleis sladdinga kunne blitt gjort utan juridisk bistand. Foto: Anders Totland

Han fortel at han tar omsynet til meiroffentlegheit og personvern på høgste alvor.

– I dette omfattande dokumentet måtte det til tung juridisk kompetanse og tid for å vega dei to omsyna opp mot kvarandre og syta for at dette vart gjort heilt korrekt. Slik kompetanse kostar pengar, seier Fjeldstad og legg til:

– Men i ei slik sak der offentlegheita si interesse og personvernet er så viktig på kvar sin kant, så har vi ikkje anna val enn å betala det det kostar.

– Trist

Alf Terje Mortensen (Frp) er einig i at det er rett å bruka juridisk kompetanse i slike saker.

– Ja, det er ein kostnad vi berre må ta, men eg tykkjer samstundes det er frykteleg trist at det ikkje blei tatt tak i denne saka tidlegare. Då hadde ikkje varselet blitt like omfattande og hatt eit mindre skadepotensial, seier Mortensen.