Renate Vik på Bruvik fekk ein solid støkk då ho kom køyrande på Bruvikvegen onsdag kveld og oppdaga at ein stor stein hadde hamna i vegen like etter at ho passerte rasstaden.

– Det var fleire mindre steinar og ein ganske stor som hadde hamna i vegen. Den er nok på fleire hundre kilo, seier Vik.

– Og større bilar kjem seg ikkje forbi?

Personbilar måtte ut i grøfta for å køyra forbi, så korkje bussar eller lastebilar kom seg forbi, beskrev ho.

– Noko må gjerast

– Er det litt ekkelt at det går så mange ras på vegen?

– Ja, og nok ein gong får vi berre vera lukkelege over at liv ikkje gjekk tapt. Men, dette er nok ikkje siste gang det går ras på denne vegen, og no må noko gjerast, for vi kan ikkje stola på at vi skal ha flaks kvar gong det går eit ras. Politikarane kan jo starta med å opna skulen att, seier Vik.

Trafikkoperatør Ken Ove Holm i Vegtrafikksentralen fortel til Bygdanytt torsdag morgon at vegen er open.

– Entreprenøren har fortalt at dei klarte å lirke vekk steinen og at vegen er rydda, seier han.