Tysdag tok Jan Åge Langeland frå Arna dette biletet av ein av politiet sine utrykkingskøyretøy som står på ein parkeringsplass for handikappa på Arna stasjon.

– Eg syns det er litt frekt av politiet. Dei kan jo parkera kor som helst, også der det ikkje er oppmerka parkeringsfelt.

Langeland opplever parkeringa som respektlaus i høve dei med handikap som treng slike parkeringsplassar.

– Er politiet handikappa? lurer han på.

Jan Åge Langeland reagerer på politiet si parkering

– Ja, det er lov.

Bygdanytt har vist biletet til politiet. Ola Akselberg, trafikkoordinator i Vest politidistrikt, er krystallklar:

– Dette er lov.

Han viser til trafikkreglane paragraf 2, nummer 4. Her står det at mellom anna at: "Når det er nødvendig eller til vesentlig lette i tjenesten, eller for opplæring til slik tjeneste, kan det som er fastsatt i eller i medhold av vegtrafikkloven §§ 4-9, fravikes av: a) fører av utrykningskjøretøy, b) fører av annet kjøretøy i politiets tjeneste, c) fører av kjøretøy som nyttes til vegarbeid eller liknende arbeid på eller ved veg, i regionvegkontorets kontrolltjeneste og ved kontroll og håndheving av parkering og stans på offentlig ferdselsåre."

Erna i Arna

Grunnen til at politibilen stod der var truleg statsminister Erna Solberg sitt besøk i høve pressekonferansen om Nasjonal Transportplan, trur Akselberg.

– Men ser du at dette kan verka provoserande i høve dei handikappa som treng slike parkeringsplassar?

– Ja, det går an å skjøna. Eg veit ikkje konkret kvifor det parkeringa blei slik i dette tilfelle, men dersom politiet vel å stå der er det alltid ein god grunn til det — det er ikkje for å ta plassen for dei med funksjonshemming, seier Akselberg i politiet til Bygdanytt.