Det var søndag kveld at det byrja å brenne i den nye Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen sentrum.
Det var cirka 600 meter inn i tunnelen frå Fløen-sida at det byrja å brenne i ein trafo. Då brannen starta var det tre arbeidarar i tunnelen, og det var ei stund knytt usikkerheit til kven som var gjort rede for.
– Det går fint med dei tre arbeidarane som var i tunnelen då brannen oppstod. Dei var på helsesjekk søndag og blir følgt opp av bedriftshelsetenesta i ettertid, seier Ingvild Eikeland, kommunikasjonsleiar i Bane Nor.
Brann i den nye Ulrikstunnelen
Startar gransking
Kvifor det byrja å brenne i tunnelen er foreløpig usikkert. Søndag kveld var brannvesenet inne i tunnelen for å sjå på brannstaden, og måndag skal politiet inn for å undersøke.
– Skanska Strabag kjem til å sette i gang ei gransking av kva som skjedde, slik at vi kan få kartlagt hendingsgangen seier Eikeland til Bygdanytt.
Noko av det ein må få svar på, er nøyaktig kva som skjedde i tunnelen då brannen starta.
Lite skadeomfang
I helga var det arbeid i nye Ulrikstunnelen, som etter planen skal bli tatt i bruk i 2020. Først i 2024 blir begge tunnelane tatt i bruk.
– Kva var årsaka til brannen?
– Brannen oppstod i samband med at mannskap frå entreprenøren skulle kopla til ein mobil trafo. Då byrja denne å brenna. Vedkomande som skulle kopla til trafoen kom seg ut på Fløen-sida, medan det kom to arbeidarar frå Arna-sida og sløkte brannen. Brannvesenet gjekk så i gang med ettersløkking.
– Blir arbeida med tunnelen forseinka grunna brannen?
– Nei, arbeida er alt starta opp att, så det var berre trafoen som blei skada, for ikkje å seia heilt øydelagt, svarar Eikeland.
Togtrafikken i den gamle Ulrikstunnelen blei stoppa i vel ein time søndag kveld på grunn av brannen.