1. Politiet er attende på Osterøy

I 2018 byrja Ole Kristoffer Tveiten i stillinga som tenestestadleiar ved politikontoret i Lonevåg. Han er blitt fast gjesteskribent i Bygdanytt, og det første innlegget blei desidert mest lest av alle sakene på Bygdanytt.no.

I innlegget skriv politimannen at politiet på Osterøy skal tenkje førebyggjande i alt dei gjer, og at dei difor prioriterer overgrep mot ungar.

Les heile innlegget her.

2. Tre personer alvorleg skada etter frontkollisjon på E16

I januar blei tre personar alvorleg skadde etter ein frontkollisjon ved Festtangen på E16.

Ein bilist som kom til Festtangen like etter ulukka omtala vegen som såpeglatt.

Les heile saka her.

3. Slo alarm om mann som tok bilete av born på badeplass

Ein bekymra person varsla politiet då vedkommande såg ein mann som tok bilete av born på ein badeplass i Arna i juli.

Då mannen blei konfrontert av folk på staden skal han ha sagt at han berre tok «selfies» av seg sjølv, og deretter gått frå staden.

Les heile saka her.

4. Brann i ulendt terreng på Osterøy

I juli oppstod det ein kraftig skogbrann på Reigstadfjellet på Osterøy. Brannvesenet fekk hjelp frå frivillige ostringar for å få sløkka brannen.

Også helikopter bidrog i arbeidet, men det var innleiingsvis vanskeleg å få has på det tørre terrenget.

Les heile saka her.

5. Ida Mari (21) stoppet løpsk hest midt på E16

I februar var det uvanleg trafikk på Blindheimsflaten.

Ida Mari Holme (21) frå Åsane køyrde på E16 frå Vågsbotn mot Arna då ho fekk auge på ein hest, utan ryttar, i full galopp langs vegen.

Ho skjønte rakst at noko var galt.

Les heile saka her.

6. Frivillige starta eit nytt liv for Robert og borna

Desember 2017 gjekk det eit større jordskred på Votlo på Osterøy. Kristine Anette Andersen (38) mista livet då skredet trefte deler av huset til familien.

Medan familien enno levde i sjokk, sytte kjente og ukjente for at ein ny kvardag blei til.

– Det er heilt sinnsjukt kor mykje folk har stilt opp, seier Robert Lillejord, som var sambuaren til Kristine.

Les heile saka her.

7. Boligbrann i Arna

Ein familie på fire mista heimen sin i ein bustadbrann i Arna berre dagar før julaftan.

– Huset var overtent då brannvesenet kom fram, sa vaktkommandør Håkon Myking i 110-sentralen like etter at naudetatane melde om brannen.

Les heile saka her.

8. Fikk felgane sine stolne - så dukka dei opp på Finn.no

I starten av 2018 blei ein mann fråstole felgane på bilen sin då den stod parkert.

Då felgane dukka opp til sals på Finn.no, reagerte både mannen og politiet raskt.

Les heile saka her.

9. Lastebil velta på Osterøy

Ein mann blei lettare skadd då ein lastebil velta på Osterøy.

Vegen var stengd i fleire timar og det oppstod lange køar som følgje av hendinga.

Les heile saka her.

10. No er den nye skiltinga på plass i Vågsbotn

Det er blitt framheva som ein versting-rundkøyring fordi mange misforstår skiltinga.

Det trudde Statens vegvesen det ville bli slutt på når dei nye skilta kom på plass.

Les heile saka her.